Krype

Krype

Drypoint, edition of ten.

Anyone can see this photo All rights reserved

Uploaded on Mar 10, 2012

0 comments

Litt som våren

Litt som våren

Ho snur på det som veks,
ho veks og veks, ho
danser seg vekk, og
framtida ligg
som ei drøymande kvinne
i våren
og varmer alle

She turns the things that grow,
she grows and grows, she
dances away, and
the future lays
like a dreaming woman
in the spring,
warming everyone

Anyone can see this photo All rights reserved

Uploaded on Mar 2, 2012

3 comments

Hendene

Hendene

Der hendene, der
hendene og ønskjene
prøver å finne kvarandre, som
tanker som samler
seg mot jorda for
å drikke jord, ingen
gylne spor lenger, me såg
mindre enn ingenting i desse
augo av roleg forventing, mine
eigne augo slik dei var
i dans med dine, og alt
som sat i munnvikene
var mindre enn ein
veldig liten sjøplante, grodd
ut av tida, ei tid der ingen røyndom
held natta på plass, ein dag
der dagen sjølv har laga
seg ein løyndom, ei
blomekrone for
elskande augo, men
ingenting finst, ingen
rom me trør no har rom
for den staden der hendene
klatrer over ryggen
med mjuke svar, så

kvifor ein veg?
Me har berre augo
for dagen, og dagen
forsvinn, me har berre
tid for augo, og augo
elskar mjuke
svar

Anyone can see this photo All rights reserved

Uploaded on Feb 12, 2012

0 comments

Svevn

Svevn

Anyone can see this photo All rights reserved

Uploaded on Jan 22, 2012

5 comments

Vill venleik

Vill venleik

Alt rører seg
som pianomjølk
gjennom dette ville,

slik eg ser deg, midt i
eit kappløp
om alle nye blomer
me ikkje smakte
på då me var små, redsla
song skarpt mellom
handflatene, og du

du
kjende ulvemunnen
som kom og åt alt opp, du
tok tennene og gav dei
namn, eg har med
meg ei

lita verd der alle
legg sine eigne hovud
ved granknopper
før dei fell i ein sjø av
nyfødt snø,
i eit hav av kald,
salt jord,
for å mjukne opp
orda som møter verda
og kløyver deg i to, men mange
ber seg ikkje slik, eg
ønskjer å bere regnet

i ei hand og seie;
eg har ikkje sett pianoet
spele utan oss, og
latteren din

frå ei tid
då du lærte å
strekkje hendene for å
dytte tida bakover, for å
gjere latteren ein stige
eg klatrer, eg klatrer
gjennom pianoet som

speler utan oss

Anyone can see this photo All rights reserved

Uploaded on Jan 19, 2012

0 comments

← prev 1 2 3
(41 items)
Subscribe to a feed of stuff on this page... Subscribe to Inger Zivana's photostream – Latest | geoFeed | KML