Ungdomsrommet Kreftavdelinga
Gi ungdom med kreft eit fritidstilbod på sjukehuset, var oppmodinga frå Kreftforeningen. Onsdag 13. januar 2010 opna det nye Ungdomsrommet ved Haukeland universitetssjukehus.

Ungdomsrommet er ein kombinasjon av ei heimekoseleg stove og eit gute- /jenterom. Her finn du TV, Playstation, DVD-/CD-spelar, bøker og blad, i tillegg til eige kjøkken og toalett. Her er og eit eige rom med dempa fargar om du vil trekke deg litt tilbake. Ungdomsrommet er vel 30 kvadratmeter og ligg i underetasjen av Sentralblokka nær Atriet.

Les meir om Ungdomsrommet.
www.helse-bergen.no/aktuelt/nyheter/Sider/ein-fristad-for...
35 photos · 11,171 views